Nynorsk

Kiwi

Kiwi er ein norsk daglegvarekjede som blei starta i Hokksund i 1979. Namnet på butikkjeda kjem frå etternamnet til gründerane Tor og Henning Kirkeng og Svein Wike, der dei to fyrste bokstavane i etternamna Kirkeng og Wike dannar KIWI.

I 2008 hadde Kiwi vokse til den nest største daglegvarekjeda i Noreg målt i omsetning, og var i 2011 den største i landet målt i talet på butikkar. Kiwi er ein del av NorgesGruppen som i 2018 hadde 652 butikkar i Noreg. I juli 2011 gjekk Jan Paul Bjørkøy inn i stillinga som konstituert Kiwi-sjef etter at den mangeårige leiaren Per-Erik Burud omkom i ei båtulykke på Tjøme.

Omsetningsveksten til butikkjeda kan knyttast til fleire ulike kontinuerlege kampanjar. Kampanjane er haldbarheitsgaranti, bleieavtale, kvalitetsgaranti på frukt og grønt og «momskutt» på frukt og grønt.

Kiwi opererer med tre prisnivå: kjente varemerker, som er det dyraste alternativet, eit som er billigare med lågprismerke som Eldorado, Fiskemannen, Unik og Fersk & Ferdig, og til slutt det enda billigare alternativet First Price. Desse lavprismerka blir også brukt av dei andre butikkane til NorgesGruppen.


Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei tre fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
Namnet «Vestlandet» blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km² (18,1 % av landarealet i Noreg) med 1 318 398 innbyggjarar (2013, om lag 26 % av folketalet i Noreg). På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.
Landsdelen er hylla i songen «Å Vestland, Vestland» av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.
Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

Reklame