Vi deler (alle) substantiv inn i tre grupper, som vi kallar «kjønn».
Hankjønn
Hankjønn er substantiv som vi kan sette «ein» foran. I bestemt form får dei -en.
ein bil – bilen
ein hatt – hatten
Typiske ord i denne gruppa er
• Noko som er biologisk maskulint (ein mann, ein konge, ein okse …)
• Generelle personord (ein psykolog, ein president, ein lærar …)
• Ord som ender på dom, ikk, isme, itet, leik, nad, sjon (f.eks. ein søknad)
Hokjønn
Hokjønn er substantiv som vi kan sette «ei» foran. I bestemt form blir det -a.
ei seng – senga
ei dør – døra
Typiske ord i denne gruppa er:
• Noko som er biologisk feminint (ei jente, ei tante, ei ku …)
• Ord som sluttar på ing (f.eks. ei trening)
• Hugs at ein ikkje kan velgje vekk honkjønn på nynorsk (slik ein kan på bokmål).
Inkjekjønn
Substantiv som vi kan sette «eit» foran. I bestemt form for dei -et.
eit hus – huset
eit liv – livet
Typiske ord som er inkjekjønn:
• Mange stoff og material (metall, gull, sølv, stål, jern, salt, sukker, kjøt, smør, fett, protein, vatn, krydder, kol, bein, tre, hår, skinn, garn, ull, regn, tøy …)
• Ord med endingane: drag, eri, fall, gram, grep, hald, legg, løp, ment, mål, tak, tek, ment, tiv, um (f.eks. eit spørsmål)